Thunderbird 3

Thunderbird 3 har no faner, betre søk og e-postarkivering.

Din e-post, di oppleving

Thunderbird kan tilpassast slik du vil, anten du ønskjer å vere produktiv eller vil ha ei meir underhaldande oppleving. Du kan velje mellom fleire hundre utvidingar, som til dømes kalenderen Lightning for å halde styr på planane dine eller Persona (enkle drakter for verktøylinjene) for å endre utsjånaden til Thunderbird.

Du kan no finne og installere nye utvidingar direkte frå utvidingshandsamaren.

Finn ut meir

Enklare å kome i gang

Før måtte du kjenne til IMAP, POP, SMTP og SSL/TSL-innstillingane dine for å opprette ein ny e-postkonto. No treng du berre namnet ditt, e-postadressa di og passordet ditt, så vil kontovegvisaren finne innstillingane dine for deg.

I dugnadsånda sitt namn, om ikkje vi har innstillingane for e-posttilbydaren din, så kan du bidra med dine innstillingar. Slik kan du hjelpe andre brukarar med same e-posttilbydar som deg.

Finn ut meir